Daniel Liodden var så sporty at han tok turen til Førre for å få glasspokalen som årets spelar i Tysvær Bygdeblad. 24-åringen frå Vikebygd hadde ein god sesong og tett på 5 i snitt i ein trøblete sesong for laget.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg/Tysvær Bygdeblad
Sport
Sprang seg til pokalen
Det har vore ein rotesesong, og Skjold/Stegaberg har fått kjent på det å samarbeide. Men for Daniel Liodden (24) frå Vikebygd har det vore ein god sesong på mange måtar.
– Seier du det? Nå blei eg faktisk litt satt ut her, og nesten mållaus. I år kunne nok mange vunne prisen, for me som har spelt mest har stort sett kjempa saman om dei poenga me har sikra oss. Ikkje minst måtte me stille opp når det har forsvunne spelarar utover hausten, seier Liodden.
Men det er ein svært nøgd 24, snart 25-åring som kjem og hentar pokalen han sjølvsagt skulle fått i garderoben i Ølen. Men som for fotballaget, har også Tysvær Bygdeblad denne hausten slite med skadar.
— Dette er utruleg stas, og eg kjenner at eg er litt stolt. Spelarbørs har eg stor sans for, og at me har det rundt vårt lag, trur eg mange set pris på. Det kan sjølvsagt vere litt tøft og slå opp på nett etter eit tap der ein veit at ein ikkje har prestert, men så er det ekstra stas dei gongene ein har spelt bra. Dette var ei svært gledeleg overrasking, seier Liodden.