Kenneth Hegerland tek over som ny dagleg leiar i MCE frå 1. juni.
Rina Aspmo
Frå lang fartstid i Fatland til nye høgder i MCE
– Eg har hatt ein utruleg
lærerik og spennande arbeidsplass i alle desse åra. Det har vore ei enorm
utvikling, og eg har ærleg talt aldri hatt ein kjedeleg dag på jobb. Eg har
fått vere med på mykje, og ikkje minst blitt kjend med mange flotte menneske, seier
han.
–
Eg kjende at eg trong nye utfordringar. Ein ny bransje, nye oppgåver og eit
meir overordna ansvar. Det var eigentleg det som låg bak valet – det var no
eller aldri. Sjølv
om retninga er ny, er mykje likevel kjent. Han bur i Etne, og arbeidsplassen
ligg i same område, noko som gjer overgangen naturleg og oversiktleg.
Ein synleg og
støttande leiar