Kjetil Heggen frå Etne og Mikael Opheim frå Ølen deltok i årets Skjold på tvers.
Jonas Sandsgård
Fjellmaraton samla over 600 deltakarar
Tidlegare
år har vêret gjerne vist seg frå si beste side under arrangementet. I år var
det eit surt ver som møtte deltakarane då dei la ut frå startområdet ved
Hodnafjellet søndag morgon.
Totalt
606 personar hadde meldt seg på årets arrangement. Av desse stilte 86 i
eliteløpet, 135 i halvtversen, 285 i trimturklassen og 100 i familieløypa. Det
er ein tydeleg nedgang frå dei to føregåande åra, i fjor, med strålande vêr,
var det heile 960 påmeldte, medan 2024-arrangementet hadde 833 deltakarar.
Mange peiker på vêrmeldinga som den viktigaste grunnen til fråfallet. Men
humøret var det ingenting i vegen med.
— Det
hadde jo vore kjedeleg å sitje heime og sjå på det stygge vêret òg, sa
eliteløp-deltakar John Ræstad, eit par minutt før startskotet gjekk ved
Hodnafjellet.