Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Frå den første basketballkampen i Ølen IL.

Frivillige får støtte til integrering

Publisert

I 2026 er det sett av 100.000 kroner i tilskotsmidlar som lag og organisasjonar kan søka om til integreringsfremjande tiltak. Sidan det har kome inn søknader som overstig summen som er tilgjengeleg, har kommunen vurdert søknadene og tildelt midlar ut frå fastsette kriterium. Tilskotet må nyttast i løpet av 2026.

Leiar Miriam Aareskjold i Integreringstenesta i NAV Vindafjord–Etne opplyser at Ølen ung og aktiv, Norges jeger- og fiskerforbund Rogaland og Mitt fargerike nabolag får 20.000 kroner kvar, medan Vikedal laugarlag får 10.000 kroner. Ølen IL får 20.000 kroner til den nystarta biljard- og snookergruppa, og 10.000 kroner til basket.

I søknaden kjem det fram at jeger- og fiskarforbundet skal tilby gratis aktivitetsdagar for barn og unge i alle aldrar, samt vaksne som er med på arbeidstrening. Vikedal laugarlag får tilskot til gratis fellestimar i badstove og heilårsbading. Laget bidreg med transport frå Sandeid, Vikedal og Imsland.

Powered by Labrador CMS