Vibecke Mandelid og Gudmund K. Håkull med kvar sitt lam av det dekorative slaget.
Nils Tokheim
Attåtnæring full av glede
På spørsmålet om det er stressande, så er konklusjonen at det er meir travelt enn stress. Det er heller ikkje vanskeleg å sjå at dei trivst på denne tida av året kor det konstant blir født nytt liv rundt dei.
— No ventar med berre på den ordentlege våren slik at lamma og mødrene kan koma seg ut, seier Gudmund K. Håkull (36) som har overtatt garden etter far sin, Karluf Håkull.
Vicecke Mandelid (31) har ikkje vore skjoldabu så mange år, men ho og borna Lucas (7) og Elias (11) har etablert seg godt på Haraldseid der ho har gode forhold for å dyrka interessa for trening av gjetarhundar. Nestleiar i Skjold Sau og Geit er ho òg allereie.