Oddbjørn Vikestad
Privat
debatt
Når nesten heile Ølen ropar – kven lyttar?
Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine eigne meiningar og haldningar.
Kommunestyret i Vindafjord har no sagt ja til planane om
biogassanlegg på Nerheim. Med 16 mot 9 stemmer vart ei avgjerd teken som vil få
store konsekvensar – ikkje berre for næringslivet, men for folk flest i Ølen.
Lat oss vere tydelege: Dette handlar ikkje om å vere for
eller imot biogass. Mange av oss ser verdien av grøn energi og utvikling i
landbruket. Det dette handlar om, er plassering – og respekt for
lokalsamfunnet.