Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Olha Demenchuk.

Lesarinnlegg:

Draumen om Paris

Eg drøymde om å reise mykje. Men slik livet mitt har utvikla seg, kjem eg truleg til å begynne å reise først når eg blir pensjonist. Som dei gamle damene i bermudashorts og idiotiske panamahattar, som blir køyrde rundt i buss i flokk, og som veltar ut på haldeplassen, spring samla inn på museum og høyrer nøye på guiden. Men eg skal vere ei moderne eldre dame. Då skal eg endeleg tatovere meg og barbere tinningane.

Draumen min er å sjå Paris. Eks-mannen min kalla draumane mine banale. Kanskje har han rett, men eg har ein grunn til å reise til Paris. Det er byen til favorittforfattarane mine: Remarque, Hemingway, Françoise Sagan. Ein stad der dei levde og skapte, der handlinga i mange kjende romanar går føre seg. Ja, eg veit at Paris ikkje lenger er det same, og alle eg møter, prøver å opne augo mine. Eg veit det! Men eg har likevel lyst til å gå gjennom dei gatene og puste inn den parisiske atmosfæren som eg har bore i meg gjennom bøker i så mange år.

«Tre kameratar» var den første romanen av Remarque som eg las, då eg var 21 år gammal. Han gjekk rett inn i sjela mi. Eg les han framleis om att annakvart år. Eg har til og med ein liten tradisjon: eg les alltid bøkene til Remarque i april–mai. Av ein eller annan grunn assosierer eg Remarque med våren, sjølv om han skreiv om ulike årstider.

Powered by Labrador CMS