Skulefolk frå Vindafjord kommune under den store IKT-konferansen i Trondheim ved eit tidlegare høve. Framme frå venstre Anita Jørstad Grindheim og Nils Erik Eide. Neste rekkje frå v, Bjarne Nyvoll, Astrid Førsund, Anne Marte Waage Tveit, Ellen Marie Tveit Tangeraas, Gro Anette Vestre, Jan Ivar Amundsen, Gro Anett Espevoll og Grethe Halvorsen. Bak frå v, Pål Askvig, Ane Eikeland, Målfrid Selvik Årthun, Bjarte Vårvik, Vigdis Igland Handå, May-Lise Johannessen, Tone Andreassen og Even Opsal.
ARKIV/VIDAR ALFARNES
Får over 770.000 kroner til å utvikle tilsette i barnehagar og skular
Dette kjem fram i eit vedtaksbrev signert av
utdanningsdirektør Marianne Skogerbø og seniorrådgivar Anita Olufsen hos
Statsforvaltaren i Rogaland 13. april.
Vindafjord kommune får
514.250 kroner til «Mini-nettverk; språk, tekst og lesing». Av desse går 93.500
kroner til koordinator. Til kunstig intelligens (KI) i skulen, og til å
etablere eit felles grunnsyn og styrkje profesjonsfellesskapet, får kommunen 129.250
kroner til kvart av tiltaka. 23.500 kroner av desse summane går til
koordinator.