Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Inga-Cecilie Sørheim.

På tampen

Vårens trendrapport frå kontoret

Idag har eg gleda av å ønske velkommen til vårens uhøgtidelege trendspesial her i På tampen. Ja, du las rett; vårsesongen er her og eg vil ta for meg siste skrik og dei heitaste trendane. På catwalken..? Nei - på fastlegekontoret. For du har kanskje merka at trendar kjem og går innanfor medisin også..? 

Me som har passert førti, hugsar då kolesterol kom "på moten" på åtti- og nittitalet. Streng beskjed om maks eitt egg om dagen! Nå har egg status som "superfood", medan ultraprosessert mat er blitt den nye fienden. Heilt utan samanlikning: Går me lenger tilbake i tid, var både årelating og lobotomi populært i sine respektive historiske periodar. Gjort i beste meining, og med sterk tru på effekten. Innimellom lurer eg på kva me gjer nå, som ikkje toler tidas tann? Den som lever, får sjå. 

Sånn generelt er det slett ikkje noko gale med å følge moten - verken innan påkledning eller medisin! Det siste året har vaksinen mot helvetesild verkeleg seila opp som ein bestseljar. Forståeleg nok ønsker ikkje pasientar å risikere ein sjukdom med eit slikt belasta namn. Særleg skaut salet fart etter at ei studie antyda mogleg beskyttande effekt mot demens. Dette må undersøkast nærmare, men vaksinen er uansett populær som aldri før. Kall ein spade for ein spade, seier Sylvi. 

Powered by Labrador CMS