Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Wenche S. Lilleland (Ap).

Vernar rettane til dei som treng støtte

Publisert

Tysdag gjorde kommunestyret følgjande vedtak: «Kommunestyret ber kommunen sikre at tenestemottakar blir kontakta før reduksjon eller avslutning av BPA-vedtak, og at det vert gitt minst tre månaders varsel før endringane trer i kraft. Kommunen skal som hovudregel gi oppsettande verknad for BPA-vedtak inntil ei eventuell klage hos statsforvaltaren er handsama og trådd i kraft.»

Wenche S. Lilleland (Ap) sende ein interpellasjon der ho bad om ei orientering om korleis Vindafjord kommune praktiserer ordninga med BPA, i tillegg til vedtaksforslaget.

I møtet svara ordførar Ole Johan Vierdal (Sp). Han fortalde at kommunen generelt har få BPA-vedtak og dermed avgrensa erfaring med denne typen saker. Om eigenbetaling sa han at kommunen følgjer gjeldande forskrift (gebyrliste pkt. 4 og 4.1). Vidare fortalde han at BPA er ei organisering av fleire tenester, mellom anna praktisk bistand og personleg assistanse. Praktisk bistand utgjer som regel om lag to timar per veke, tilsvarande det andre innbyggarar får.

Powered by Labrador CMS