Fleire hadde tatt turen for å få med seg opninga av nye Utbjoa tømmerkai.
Ann Margit Grønstad
Opna ny tømmerkai til 12 millionar
Bakgrunnen for utbygginga er ei utvikling der både tømmerkvantum og transportbehov har auka dei siste åra. Samstundes har talet på skogindustriverksemder i Noreg gått ned, noko som gjer effektiv transport endå viktigare. Med betre tilrettelegging for sjøtransport skal kaien bidra til meir effektiv frakt til både norsk og utanlandsk skogindustri.
Den oppgraderte kaien er utvida med 35 meter, frå 25 meter til 60 meter, og bakarealet er både forsterka, utvida og asfaltert. Kaien vart opphavleg bygd i 1983 av Ølen skogeigarlag. Målet med oppgraderinga er å legga betre til rette for auka tømmertransport og større båtar enn tidlegare, og er eit viktig tiltak for å sikra konkurransekrafta til skogen i regionen.
Skogeigarlagsleiar Magnus Frøyland i Vindafjord skogeigarlag er ein av eldsjelene bak prosjektet. Han fortel at dei søkte om midlar fire gonger før dei fekk pengar til det.