Tore Berakvam Stokka skåra eitt mål i kampen mot Haugar 2.
FOTO: Magne Skålnes
Sjansesløseri gav null poeng
Vats 94/Skjoldar hadde Haugar 2 på besøk i Nedre Vats måndag kveld, og det såg lovande ut då Morten Frøland sendte vertane i leiinga før det var spelt to minutt. Tore Berakvam Stokka auka til 2-0 rett før pause, og alle venta på fleire skåringar i andre omgang. Men slik skulle det ikkje gå. Haugar 2 snudde kampen ved å kontre inn tre ganske like mål i den andre omgangen. Samstundes sløste heimelaget med sjansane sine, i ein kamp der vertane burde tatt poenga etter spel og sjansar. Men Haugar 2 var det mest effektive laget denne gongen, og det vart eit surt tap for Vats 94/Skjoldar. Laget ligg likevel bra til på tabellen etter å ha vunne tre av fire kampar før måndagen kamp. Neste kamp for gultrøyene er borte mot Skjold 2, måndag om ei veke.