Ølen IL sitt kvinnelag speler seriehandball igjen. Her frå ei trening i desember. Bak frå venstre: Eline Hundhammer Siglen, Sandra Hegerland, Thea Kirketeig, Sofie Asheim Nordskog, Helene Haukland, Amalie Asheim, Ida Pettersen. Framme frå venstre: Kamilla Bøthun Vik, Maren Skrunes, Silje Digernes Lothe, Astrid Haugland Gundersen. Svein Helge Gullhaug stilte opp som forsvarspelar på nokre økter og keeper i speleøkta.
FOTO: Svein-Erik Larsen
Siger i comebacket
Ølen IL sitt seniorlag i handball spelte sin første seriekamp sidan pandemien søndag. Det blei ein knallstart med 21-28-siger borte mot Avaldsnes.
Ølen sitt kvinnelag leia 7-15 til pause og hadde etterkvart full kontroll i Håvik Idrettshall.
Silje Digernes Lothe, Eline Hundhammer Siglen, Astrid Haugland Gundersen, Ingrid Nilsen Sørli, Thea Kirketeig, Sofie Asheim Nordskog, Amalie Asheim, Helene Haukland, Sandra Hegerland, Tone Krakk Døvik, Anna Nordtveit og Kamilla Bøthun Vik var i den første kamptroppen til Ølen på årevis. Haugland Gundersen blei lagets toppscorar med ni mål, tett følgd av Asheim med sju.
Sidan Ølen kjem inn midt i seriesesongen er det ikkje noko opprykkshåp frå 5. divisjon avdeling 5. På ei trening i desember var trenar Rolf Granli Gangdal klar på at det viktige denne sesongen er trivsel, progresjon med sikte på å skape noko varig.