FYK har gitt ut ein singel igjen. Framme frå venstre: Helge Hummervoll, Jarle Nordtveit Åsheim og Henning Nordtveit. Bak frå venstre: Erik Nordtveit Åsheim og Håvard Ersland.
HELENE BERGJORD
Ute med ny singel og klare for påskefest på heimebane
— Det kjennest
alltid bra å gi ut ny musikk. Me har brukt mykje tid på dette, så det er godt å
endeleg få det ut i verda, og me håpar at folk vil høyre, seier vokalist Jarle
Nordtveit Åsheim i FYK.
Bandet frå Imsland
består av Jarle Nordtveit Åsheim (vokal, gitar), Håvard Ersland (piano), Helge
Hummervoll (bass), Erik Nordtveit Åsheim (trommer) og Henning Nordtveit
(gitar). Dei beveger seg i landskapet mellom alternativ rock, indie og pop, med
tekstar på dialekt.
Singelen «Annie» er
produsert av Jarle Nordtveit Åsheim og Kjetil Ulland i ABC Studio i Etne.