Kaien i Ølen er blant dei som truleg ikkje blir privatiserte.
ARKIV/SVEIN-ERIK LARSEN
Vil selje unna kaiar
Dette kjem fram i innkallinga til eit møte i utval
for drift, utvikling og kultur (DUK) måndag. Eit eventuelt vedtak blir lagt ut
på offentleg høyring i fire veker. Blant anna vil grendautval i kommunen bli
inviterte til å koma med innspel. Etter høyringa vil saka bli lagt fram for
endeleg politisk behandling.
I tillegg til dei
kommunale kaiane eig Vindafjord kommune to kaiar på Dommersnes industriområde.
Desse er bygd i seinare tid og er i god stand. Det har ikkje vore gjennomført
inspeksjon på desse, og dei har ikkje blitt vurderte for privatisering i denne saka.
Dårleg standard