Å avgrense sjukefråværet er eit viktig fokusområde for administrasjonen i Vindafjord
ARKIV/SVEIN-ERIK LARSEN
Har fått sjukefråværet ned – men enno ikkje heilt i mål
Dette kjem fram i saksinnkallinga til eit møte i
administrasjonsutvalet måndag. Korttidsfråværet i 2025 var 2,51 prosent, medan
langtidsfråværet var 4,69 prosent.
Det totale fråværet var
på sitt høgaste dei tre første månadane i året, med 8,37 prosent i januar, 8,57
prosent i februar og 8,39 prosent i mars. Lågast var det i sommarmånadane juli
(4,95 prosent) og august (4,92 prosent).
Sektoren med høgast
fråvær var helse og omsorg, med 9,33 prosent. Lågast var fråværet i
administrasjon og fellesdrift, med 4,78 prosent. I forvaltning, drift og
utvikling var sjukefråværet 4,83 prosent, medan det i oppvekst og kultur var
5,8 prosent.