Annette, Bjørnar, Reidun og Wenche trippa utolmodig i foajeen mens dei venta på at filmen skulle settast i gang
Marit Tvedt/Tysvær Bygdeblad
Sterkt møte med filmen «Min første kjærlighet»
Dei fekk sjå ein film som tok opp problemstillingar det var lett for dei å kjenne seg igjen i. Hovudpersonen er den unge jenta i rullestol som er i ferd med å starte sitt vaksenliv. Ho skal forlate heimen og begynne på ny skule i ny kommune. Hendingane der viser den funksjonshemma unge jenta sitt møte med tenesteapparatet, og ikkje minst korleis det er å få tilbod om å bu på institusjon, når det ho ønsker seg er eigen hybel. Samtidig viser filmen fine møte mellom unge, der varme og kjærleik oppstår. Regissør Mari Storstein har brukt funksjonshemma som skodespelarar i filmen. Marie Flaatten, som sjølv er rullestolbrukar og avhengig av BPA (personleg brukarassistent), spelar hovudrolla overbevisande.
Samarbeid
– Arbeid og habilitering i Tysvær har gjennom ei årrekke hatt eit nært og godt samarbeid med NFU sitt lokallag i Tysvær, fortel Nina Riise, fag- og kvalitetskoordinator i Arbeid og habilitering. Ho legg til: