Slik såg gründerane for seg anlegget i Ølen Næringspark på Nerheim i 2021.
Illustrasjon: Biovind AS
Har løyst biogassmotsegner
Dette kjem fram i eit brev signert
fylkesmiljøvernsjef Cathrine Stabel Eltervåg og seniorrådgivar Ragnhild
Askeland i Statsforvaltaren i Rogaland 13. mars.
Svarte opp manglar
Statsforvaltaren kom med fråsegn med motsegn 6. februar, der dei etterlyste
fleire element i planen. 25. februar kom Vindafjord kommune med ei omfattande
oppfølging. Kommunen viste til at Statsforvaltaren hadde motsegn til risiko- og
sårbarheits- (ROS)-analysen, plankart og føresegner, jamfør plan- og
bygningslova, og at Statsforvaltaren skreiv følgjande i fråsegnet: «Viktige
risiko- og sårbarheitsforhold er ikkje tilstrekkeleg avklart. Dette gjeld
spesielt for flaum-/erosjonsfare med klimapåslag, arealmessige avgrensingar for
brann/utslepp/eksplosjonsfare, og risikoen som ligg i trafikkauke for både
mjuke trafikantar og annan trafikk.»