Kjempar om opprykk
Ølen2 og Skånevik kjempar om opprykk frå 7. divisjon fotball. Toarlaget til Ølen IL vann siste kamp før feriepause 4-2 borte mot Djerv 1919 2. Laget står dermed med 18 poeng etter halvspela serie etter seks sigrar og berre eitt tap. Skånevik ligg på plassen bak med 16 poeng etter å ha vunne fem seriekampar, éin uavgjort og eitt tap. Siste kamp borte mot Haugaland FK gav siger, fire mot éin. Eitt lag rykkjer opp til 6. divisjon og i den kampen stiller også Djerv 1919 på tredje plass.
Tabell 7. divisjon avd. 4
| Kampar | P | ||
| 1 | Ølen 2 | 7 | 18 |
| 2 | Skånevik | 7 | 16 |
| 3 | Djerv 1919 2 | 6 | 12 |
| 4 | Avaldsnes 2 | 7 | 10 |
| 5 | Stegaberg 2 | 7 | 9 |
| 6 | Haugaland FK | 7 | 7 |
| 7 | Bømlo | 6 | 4 |
| 8 | Sveio | 7 | 3 |
Annonse