Maria Bjelland - med fjelltoppane i bakgrunnen - gler seg til 4-fjellsturen ho sjølv har tatt initiativ til. No håpar ho på både mange påmelde turgåarar, og fleire frivillige som vil vera med på å arrangera.
Grethe Hopland Ravn
Vil skapa liv i bygda med 4-fjellstur
Det var under ein fjelltur med musikk på øyra at
tanken først tok form. Maria Bjelland hadde året før deltatt på den populære 7-fjellsturen
i Bergen, ei oppleving som gjorde sterkt inntrykk.
— Eg fekk ein veldig god meistringsfølelse av å gå
7-fjellsturen, og då begynte eg å tenka at me jo har like fine fjell her i
Sandeid, så kvifor har me ikkje eit slikt arrangement lokalt, seier ho.
Etter ein telefon til far sin Sveinung, som
oppmoda henne til å setja ideen ut i livet, bestemte ho seg for å prøva. Kort
tid etter låg arrangementet ute på Facebook.