Anna Mæland Voie (t.v), Jenny Skårdal og Ella Mæland Voie var tre av heile 80 deltakarar som var med på aktivitetsdagen på Skakke laurdag.
Grethe Hopland Ravn
— Knallkjekk aktivitetsdag
Ella Mæland Voie (9), Jenny Skårdal (10) og Anna Mæland Voie
(7) var blant dei mange deltakarane på aktivitetsdagen som Etne idrettslag
arrangerte på Skakke laurdag. Dei tre jentene har prøvd ei rekke aktivitetar
gjennom dagen, både inne og ute, og sit igjen med eit tydeleg inntrykk av ein
dag med mykje å velja i.
– Eg likte best karate. Det var litt hardt, men
veldig kjekt, seier Jenny.