Sonja Elholm Bjørknes
Nils Tokheim
Debatt
Gi folket ei røyst: Kvifor politikarane bør støtte ei folkerøysting om vindkraft
Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine eigne meiningar og haldningar.
Kommunen står no
framfor fleire store og irreversible avgjerder. Heile fem større
utbyggingssaker skal handsamast, der tre gjeld vindkraft i urørt natur:
Slettene, Bukkanibba og Døldarheia. Dette er ikkje små justeringar i
kommuneplanen – det er inngrep som vil prege natur, lokalsamfunn og
kommuneøkonomi i generasjonar framover.
Då må vi tore å
stille spørsmålet: Er det eigentleg rimeleg – eller klokt – å leggje heile
ansvaret for desse avgjerdene på nokre få lokalpolitikarar åleine?