Trygg Trafikk tilrår MC-førarane å sakka ned før svingar, så ein er sikker på å koma seg rundt.
Heidi Molstad Andresen / NPK
Fryktar sesongstart for motorsykkel
Så mange som 24
MC-førarar omkom i trafikken i fjor, det høgste talet sidan 2016. Skadetala for
i fjor er ikkje klare, men tala frå 2024 viser ein auke også her. Det skriv
Trygg Trafikk i ei pressemelding.
– Dei siste åra har me
diverre sett ein auke i omkomne motorsyklistar. Dei fleste andre
trafikantgrupper har hatt ein merkbar nedgang i drepne over tid. Den same
utviklinga ser me ikkje blant motorsyklistar. Snarare tvert om, seier
motorsyklist og fagsjef i Trygg Trafikk Bård Morten Johansen.
Auken har utvilsamt noko
samanheng med at det vert stadig fleire motorsyklistar på vegane. Johansen
seier det er stor forskjell på kompetanse og evne blant dei, og ønskjer seg eit
obligatorisk oppfriskingskurs i forkant av sesong.