Grethe Hopland Ravn
«Skaff deg litt ballar»
Det var bodskapen i eit lesarinnlegg i ei av
landets aviser nyleg. Skribenten var tydeleg frustrert over personar som ikkje
viste mot når det verkeleg gjaldt. Mange er råtøffe bak skjerm og tastatur,
skreiv han, men når realiteten kjem tett på, blir det fort stille. Og det er
vanskeleg å vera heilt ueinig i det. Han har nok eit poeng. Men likevel – det
er noko med sjølve uttrykket som skurrar.
For dette med å «skaffa seg litt ballar» speglar
ikkje akkurat mot og styrke slik eg ser det.
Det finst mange uttrykk i språket vårt som me
berre brukar utan å stoppa opp og tenka: Kva i alle dagar er det me eigentleg
seier? Eitt av dei er nettopp dette kravet om at ein må «skaffa seg litt
ballar». Som om mot, styrke og vilje ligg lagra i ein liten, særs sårbar
kroppsdel som mange menn vernar om som om det var ein porselenskopp frå
oldemor. Dersom ballane verkeleg var sete for både mot og handlekraft, skulle
ein kanskje tru at dei var litt meir robuste av natur – ikkje så ømfintlege og
lettskremde. Då ville ein kanskje sett at livets små og store smell blei tatt
med eit roleg skuldertrekk. Men neida...(!)