Hoggorm er ein av 3 ormar i norsk fauna og den einaste giftige slangen. Hoggormen er freda i Norge men ikkje utryddingstrua.
Cornelius Poppe
Biten av hoggorm? Dette bør du ikkje gjere
– Bitstaden skal vere i fred! Ein skal ikkje
klemme, skjere eller prøve å suge ut hoggormgift, åtvarar spesialist i
allmennmedisin, Ståle Onsgård Sagabråten, som også leier fagstyret i Den norske
legeforening.
Desse må til sjukehus
Det er på denne tida Noregs einaste giftige orm
kjem ut av bolet, og ofte finn du han i sola i ei sørvendt steinrøys. Når det
blir varmare i vêret likar han seg særleg godt i lyng med opne fjellflekkar
imellom. Og det er der, i typisk skogsterreng, at mange får eit ublidt møte med
ormen. Hoggormen er ikkje aggressiv av natur. Men om han blir overraska eller
provosert og opplever at det er uråd å flykte, kan han brått hogge til.