Linda Skaar.
Arkiv
debatt
Me set vår lit til at dei folkevalde ser verdien av urørt natur
Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine eigne meiningar og haldningar.
Naturvernforbundet Vindafjord/ Etne og Motvind
Vindafjord synte 08.04 filmen «Vi
som solgte landet»,
ein film som løftar fram korleis naturressursane våre blir forvalta – og kva
konsekvensar vala våre får for både natur og lokalsamfunn. Me vil takka alle
som kom. Det blei ein interessant kveld der me fekk høyra regissøren Kieran
Kolle fortelja om bakgrunnen for filmen og oppleva ein film som var nydeleg i
form av naturbilete, men og provoserande i forhold til bilete av store
naturinngrep og sviktande tillit til demokratiet. Fleire kjende seg nok òg igjen
i eigen kommune der fleire saker no kjem opp allereie 14.april i kommunestyret
i Vindafjord. Innbyggarar set no si lit til at blant anna underskriftskampanjar
kan bidra til demokratiske val i kommunestyret, at dei folkevalde vil høyra og
sjå.
Sjølv
om me hadde håpa at fleire av dei frammøtte skulle vera folkevalde frå
kommunane, at dei skulle få oppleva akkurat denne filmen, møta regissøren og
til og med mingla litt med han, er me likevel glade for at så mange møtte opp
og valte å bruka denne kvelden på å sjå film og møta regissøren. Film eller
ikkje, me i Naturvernforbundet Vindafjord / Etne håpar likevel at våre folkevalde
tek ansvar for det demokratiske oppdraget dei har fått. Å vera folkevald handlar
ikkje berre om å ta avgjerder, men om å lytta til innbyggarane og ta engasjementet
deira på alvor. Me set vår lit til at dei folkevalde ser verdien av urørt natur
og bidreg til at me kan vera stolte over å bu i ein kommune som er oppteken av akkurat
dette.