Dagleg leiar Kenneth Lyng Karlsen frå opninga av det nye vaskeanlegget i mars.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Spira signerte sjukehusavtale – ventar vekst og store investeringar
Spira utvikling har no signert avtalen om vaskeritenester
til Haugesund sjukehus og tilhøyrande DPS-einingar. Kontrakten kjem etter ein
omfattande prosess med klagebehandling. Først blei tildelinga klaga inn til
oppdragsgjevar, Sykehusinnkjøp, som konkluderte med at det ikkje var gjort
feil. Deretter blei saka sendt vidare til Klagenemnda for offentlege anskaffingar
(KOFA), som landa på same konklusjon.
— Då KOFA konkluderte med at det ikkje var gjort
noko vesentleg brot, blei tildelinga til oss signert, seier dagleg leiar
Kenneth Karlsen, og legg til at avtalen gjeld i seks år, med opsjon på
ytterlegare to år.
Bygger vidare på storkontrakt