Skisse av prosjektet Ølen-Mørkeli. Her frå Fikse.
Statens Vegvesen
Startar snart vegarbeid på E134 – desse fekk jobben
I ei pressemelding torsdag melder Statens vegvesen at det er Hirth Himle Entreprenør AS frå Voss som har fått oppdraget, med eit tilbod på nærmare 165 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. Fleire entreprenørar leverte tilbod, mellom anna frå Sveio, Etne og Karmøy.
Det er snakk om å utbetre ei strekning på 6,3 kilometer som skal få fleire tiltak for betre trafikktryggleik og køyreoppleving.
— I dette prosjektet skal me utbetra 6,3 km av E134 slik at vegen får gul midtstripe og forsterka vegoppmerking, som består av rumlefelt i midten og på sidene. Fleire kurver skal rettast ut og det skal gjerast arbeid med sideterrenget for å betra sikta, seier prosjektleiar Johannes Handeland i Statens vegvesen.