Haugalandsrådet og Sunnhordlandsrådet under omvising på tomta i Aksdal, der nytt felles krisesenter for Krisesenter Vest IKS er planlagt.
ARKIV: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN/HAUGALAND VEKST
Står saman om veg
Det blei klart under fellesmøtet mellom dei to
regionråda torsdag 26. mars, gitt att i ei pressemelding frå Haugaland Vekst.
Ordførarar
og andre folkevalde samla seg om behovet for ei meir samordna innsats dersom
regionen skal få gjennomslag for viktige prosjekt.
På
møtet orienterte Henry Damman frå Statens vegvesen om status for sentrale
samferdselsprosjekt og om korleis prioriteringane skjer når nye nasjonale
planar vert utforma. Hovudbodskapen hans var tydeleg: Statens vegvesen
utgreier, planlegg og gir faglege råd, men det er regjering og Storting som til
slutt avgjer kva prosjekt som blir prioritert.