Tuddal i Telemark i slutten av mars 2026.
Anniken Sanna/Meteorologisk institutt
Mars blei rekordvarm
Landstemperaturen i mars
enda 3,9 grader over det som er normalen. Den gamle rekorden er frå 2012. Då
enda mars 3,3 grader over normalen.
– Som regel blir
temperaturrekordar slått med små marginar. At ein månadsrekord for temperaturen
i heile Noreg blir slått med 0,6 grader er overraskande mykje, seier Hans Olav
Hygen, klimaforskar ved Meteorologisk institutt, i ei pressemelding.
På Sunndalsøra vart det
også sett ein ny rekord med stor margin. Der var det så varmt at det vart ny
noregsrekord for høg månadstemperatur på 7,6 grader. Den tidlegare rekorden var
frå 2012. Då hadde Landvik ein månadstemperatur på 6,8 grader.