Tore Tverå (midten) har vore ei leiande stemme i kampen mot at etablering av eit biogassanlegg på Nerheim industriområde. Her frå då han, Ole Hvidsten (f.v.), Gro Inger Hvidsen, Otto Aalmo og Karin Aalmo tok turen til Ølen rådhus for å synnleggjere motstanden under eit kommunestyremøte i 2025.
ARKIV/SVEIN-ERIK LARSEN
Fryktar at bygda skal miste buattraktiviteten av biogassanlegg
—
Dersom biogassanlegget blir bygd, fryktar eg at Ølen blir ein mindre attraktiv
plass å bu, verditap for mange eigedomar rundt industrifeltet og at bygda kan
få eit dårleg rykte, seier Tore Tverå.
Han er også uroa for konsekvensane for planlagd
bustadbygging på Blikragarden, som han meiner ligg nærare industriområdet enn
mange er klar over.
For å
påverke kommunestyret før dei skal behandle detaljregulering for eit
biogassanlegg på Nerheim næringsområde for andre gong tysdag, har han leia ei
gruppe si organiserte innsamling av underskrifter mot planane.