Det var rundt 60 frammøtte til filmen.
Nils Tokheim
Skuffa over politikarane
Regissør Kieran Kolle frå Holmefjord i tidlegare Fusa kommune, no Bjørnafjorden, var sjølv til stades for å snakka om korleis den i det siste mykje omtala filmen blei til.
Dokumentarfilm er det Kolle er mest kjent for, og han gav uttrykk for at han ikkje har tatt eit standpunkt for eller imot vindkraft. Prosessane frå styresmaktene er det han fokuserer på.
— I mange av sakene som råkar lokalsamfunna blir naturvern like mykje demokrativern, seier han.