Lilly Øren, Gisle Enge, Karsten Lunde, Marius Fedje og Annika Tókes Krokå, Jan Filip Jensen og Hans Kristian Havreberg frå Etne karateklubb får prisar under årets Kulturnatt - utdelt frå Etne kommune.
Fotomontasje: KI
Pris- og pengedryss til verdige vinnarar
I mange år har Etne kommune delt ut kultur- og
frivilligprisen, men i år blir det skrive eit nytt kapittel. For første gong
skal kommunen også dela ut både stipend til unge talent og eigne heidersprisar
til personar som har markert seg på høgt nivå.
Bakgrunnen er eit lenge uttrykt ønske frå
kommunestyret om å løfta fram dei som legg ned ein ekstra innsats – enten det
handlar om å bli norgesmeister, hevda seg internasjonalt, eller bidra sterkt i
lokalsamfunnet.
Ved inngangen til året blei innbyggjarane
inviterte til å spela inn kandidatar til dei nye prisane og søka om stipend.
Seinare på våren gjorde formannskapet sine vedtak: Kven som skulle bli dei
aller første mottakarane.