Bjørn Johannessen
Arkiv
debatt
Reguleringsplan for Dommersnes industriområde
Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine eigne meiningar og haldningar.
Kommunestyret i Vindafjord skal 14.4. gjere vedtak i reguleringsplan for Dommersnes. Planen er grunnlag for det som kan bli eit gedigent industriområde og det desidert største naturinngrepet nokon gong i kommunen vår. Det er òg stor motstand mot planen, sjølvsagt mest lokalt i Vikebygd, men òg i resten av kommunen. Vindafjord kommune er 50% eigar i Windafjord Port AS som skal stå for utvikling av området og er dermed part i saka. Habililiteten til kommunestyret og kommunedirektør bør difor absolutt problematiserast opp mot §6a i forvaltningslova:
En offentlig tjenestemann er ugild til å tilrettelegge grunnlaget for en avgjørelse eller til å treffe avgjørelse i en forvaltningssak a., når han selv er part i saken;