Gina-Marina Thoresen Faraas skal leie Vindafjord Montessoriskule på Bjoa.
PRIVAT
Rektor vil få folk til å bu i bygda med ny skule
— Det kjennest både spennande og interessant å bli rektor
her. Eg gler meg mykje og vil at det skal bli ein skule for alle, seier Gina-Marina
Thoresen Faraas.
Etter å ha bidratt som vegleiar i om lag eitt år startar ho
som dagleg leiar og rektor for den nye 1.–7.-klasse-skulen på Bjoa 7. mai. I
tillegg til sjefsjobben er ho med som montessoripedagog.
Styreleiar Thomas Alvseike i Vindafjord Montessoriskule AS
fortel at dei no har alle sine seks tilsette på plass. Dei fem andre er
montessoripedagog Marianne Bockfeldt (Sandefjord), montessoripedagog Silje
Lundal Eintveit (Etne), pedagog Trygve Vaka (Bjoa), miljørettleiar Håvard Lothe
(Bjoa) og 26. oktober kjem montessoripedagog Monica Rolfsnes Fardal (Bømlo).