Spørsmålet om folkeavstemming om vindkraft var blant fleire kontroversielle saker under kommunestyremøtet tysdag.
SVEIN-ERIK LARSEN
Ingen folkeavstemming om vindkraft
17 av 25 representantar støtta kommunedirektør
Halfdan Krohn Brekke si innstilling om å ikkje halde ei folkeavstemming om
vindkraft no. Geir Berge (H) støtta eit forslag frå Vindafjordlista, Frp og SV
om å arrangere ei folkeavstemming om vindkraftanlegg samtidig med kommune- og
fylkestingsvalet i 2027.
Nyss om fjerde prosjekt
Ivar Ødegård
(Vindafjordlista) la fram mindretalsforslaget. Han omtala det som ein
«no-brainer» å arrangere folkeavstemming, sidan saka handlar om heile kommunen.
Difor fryktar han ikkje at det skal skape ein presedens der alle konfliktsaker
skal bli avgjorde i folkeavstemmingar.