Cirka 35 personar deltok i markeringa i forkant av formannskap og kommunestyremøte.
SVEIN-ERIK LARSEN
Kommunestyret sa ja til biogassplanar
Planendringa blei vedteken med 16 mot 9 stemmer.
Dei ni stemmene var frå Frp, Vindafjordlista, SV og to av fem, Åge Opheim og
Georg Matre, frå Høgre. Saka var først oppe i formannskapet i forkant av
kommunestyremøtet. Der stemte sju for planendringa og to mot.
Arkipelet AS sende varsel
om oppstart av detaljregulering for eit biogassanlegg på Nerheim næringsområde
på vegner av Biovind AS 23. oktober 2025.
Føremålet med
planendringa er å konkretisere arealbruk for delar av Nerheim næringsområde,
for etablering av eit biogassanlegg som skal handtere inntil 226.000 tonn
biomasse årleg. Kommunedirektør Halfdan Krohn Brekke foreslo at endringa blir
vedteken slik ho ligg føre, med plankart datert 25. mars og føresegner frå
dagen etter.