Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Dette bilde på industriområdet på Dommersnes blei tatt i 2022.

Klarsignal til Dommesnes-prosjekt

Publisert

21 av 25 representantar i kommunestyret støtta kommunedirektør Halfdan Krohn Brekke si innstilling som lydde: «Detaljregulering for industri- og hamneområde på Dommersnes, planid 1160202308, blir vedteken slik den ligg føre med plankart og føresegner datert 06.03.2026.». Dei fire som stemte mot, var Vindafjordlista og SV sine representantar.

Tre tilleggspunkt som var med frå formannskapet si behandling 24. mars, blei også vedtekne einstemmig. Dei lyd: «2. Kommunestyret ber kommunedirektøren, i forkant av oppstart av fase 2, om å ta initiativ til ein utbyggingsavtale slik føresegn §10-1-11 legg opp til. Avtalen kan innehalda spørsmål om utbetring av fylkesveg, bruk av massar, initiativ til bygging av bustader i Vikebygd til tilsette og andre tiltak som er i tråd med føresegnene. Sitat: «Det er ei forventning om kompenserande tiltak som kjem lokalsamfunnet til gode.» 3. Kommunestyret vil sterkt oppmoda selskapet til å ta rask kontakt med eksisterande bedrifter med sikte på at dei kan få føreseielege vilkår i åra som kjem. Kommunestyret vil òg oppmoda om at det blir etablert faste møtepunkt mellom selskapet og eksisterande bedrifter. 4. Dersom fase 2 ikkje har oppstart innan utgangen av 2031, vil kommunestyret be kommunedirektøren ta initiativ til å endra reguleringsplanen slik at annan industri kan sleppa inn i området.».

I formannskapet var det Øyvind Valen (Ap) som foreslo desse punkta. Tysdag la han fram eit punkt til, som også blei einstemmig vedteke. Det lyder: «Eksisterande bedrifter i B-I-1 kan føreta nødvendige utbyggingar i tråd med sin opphavlege aktivitet inntil vidare utbygging av B-1-2 er starta opp.»

Powered by Labrador CMS