Westcon-konsernet med solid oppsving i resultata i 2020 etter svake tal året før. Arkivfoto
Westcon med solid resultatvekst i 2020 trass koronaen
Trass redusert aktivitet i periodar greidde Westcon-konsernet å halda omsetninga på same nivå som året før, medan driftsresultatet auka med 265 prosent, frå 80 til 292 millionar i 2020.
Pandemien har sett sitt preg på det store konsernet med hovudbase og eigarar i Vindafjord. Sjølv om drifta ikkje kunne gå som normalt grunna restriksjonar i fjoråret, greidde Westcon Group omsestja for 2,49 milliardar, mot 2,56 milliardar i 2019.
Årsresultatet var på 197,8 millionar kroner mot 14,7 millionar året før.
Jarle Sørhaug, dagleg leiar i Westcon Group, fortel at tiltaka for å redusera spreiinga av covid-19 førte til redusert aktivitet gjennom våren og sommaren 2020.