Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Det var ein strålande fornøgd ordførar som fredag kunne vinka til dei første bilane som køyrde gjennom Fjæra - etter nesten tre veker med stengd veg. — Dette har me venta lenge på, sa Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim

Vinkande ordførar markerte opninga av vegen på Fjæra

Publisert

Det var siste søndag i vinterferien det store raset gjekk over vegen og stengde E134 gjennom Fjæra. Ifølgje geolog Emil Solbakken i Statens vegvesen handla det første arbeidet om å gjera området trygt nok til å kunna starta oppryddinga.

— Den første veka gjekk med til å undersøka lausneområdet og vurdera om det kunne koma fleire store ras. Me sprengde ned parti som stod igjen, og fekk etter kvart kontroll på stabiliteten, forklarar han.

Vidare arbeid dei neste to vekene har vore retta mot å rydda vegen og sikra fjellsida. Det har mellom anna blitt bora i fjellsida for å setja opp fanggjerde som skal ta mindre steinsprang.

Powered by Labrador CMS