Frå venstre: Aslaug Østrem Nesheim, teamleiar i Omega 365 Consulting; Vibeke Monsen Snarberg, avdelingsleiar i Omega 365 Consulting; Stian Bjørkheim, avdelingsleiar i Omega 365 Consulting; Eivind Bachmann, avdelingsleiar i BKK; Jørgen Hundven, seksjonsleiar i BKK; Rita Arntsen, avdelingsleiar i Omega 365 Consulting; Thomas Lande Kleppe, avdelingsleiar i Omega 365 Consulting; Kari Marie Usken, avdelingsleiar i Omega 365 Consulting.
Adam Galal
Viktig avtale for Omega-selskap
Omega 365 Consulting har inngått ei fleirårig rammeavtale med BKK AS for levering av tekniske rådgjevingstenester og innleige av teknisk personell.
— Dette er ei viktig avtale for oss i Bergen, både fordi det er ein ny kunde, og fordi me får bidra innan energidistribusjon. Det er kjekt å kunna samarbeida med ein aktør som sit rett over vegen, og som har ei så tydeleg rolle i regionen. Me ser fram til eit godt samarbeid og til å levera kompetanse som styrkjer prosjekta til BKK, seier Stian Bjørkheim, avdelingsleiar for Omega 365 Consulting i Bergen, i ei pressemelding.
Omega 365 Consulting leverer teknisk og prosjektadministrativ kompetanse til kundar i Noreg og internasjonalt. Selskapet har hovudkontor i Ølensvåg, i tillegg til kontor i Stavanger, Haugesund, Oslo, Bergen og Harstad, og tilbyr personell med ekspertise innan ingeniørfag, IT, prosjektleiing, bygg og anlegg, infrastruktur, subsea og maritime operasjonar. Dei støttar prosjekt på tvers av eit breitt spekter av bransjar, inkludert olje og gass, energi og infrastruktur, og leverer konsulentar skreddarsydde for behova til kundane. I 2024 omsette dei for over to milliardar kroner.
Med meir enn 1.000 tilsette er Omega 365 Consulting ein integrert del av Omega 365-konsernet, som har over 2.300 tilsette over heile verda.