Primus motor Rune Hetland konstaterer at den viktige inntektskjelda for idrettslaget, Vikeeputten, ikkje blir arrangert i år.Arkivfoto
Venstre tilbake i manesjen
Som det siste partiet i Vindafjord, leverer Venstre i dag lista si til kommunevalet, ein dag før fristen går ut. Partiet har kumulert to på topp med 59-åringen Hetland øvst og 19-åringen Vebjørn Halvfjerdvik som nummer to. Sistnemnde er student frå Vats med bakgrunn i ungdomspartiet i Rogaland. Hetland var aktiv kommunepolitikken i dei to siste åra i gamle Ølen kommune og dei to første i den samanslåtte kommunen.
På hogget
I fjor vår kom enkeltpersonar i Vindafjord saman for å blåse liv i partiet som hadde ein sentral posisjon i gamle Ølen kommune fram til 1999. Utfordringa med å reise partiet frå oska var nettopp å finne ein toppkandidat. Berre for eit par månader sidan var gjenreisingsprosjektet i ferd med å gå i vasken av den grunn.