Overraskande opplagd etter ein tur på toppen av Mount Everest. Laurdag kom Monica Moa» Hundseid heim igjen, og fekk velkomstblomar frå ordfrar Ole Johan Vierdal
Foto: Grethe Hopland Ravn
— Velkommen heim!
Klokka 16.30 laurdag ettermiddag landa Monica Moa» Hundseid på norsk jord igjen, og ho hadde berre vore heima ein halvtime då ordførar Ole Johan Vierdal troppa opp med ein flott blomsterbukett for å ønskja henne velkommen heim. Ein god klem blei også spandert på 25-åringen som i to dagar kunne smykka seg med tittelen som Noregs yngste på Mount Everest. Då tok Ole Hovstad (23) frå Singsås innersvingen på henne, men Moa er framleis Noregs yngste kvinne.
— Rekordar er til for å slåast, seier Moa og innrømmer at ho ikkje visste at 23-åringen kom hakk i hæl.
Lungebetennelse og influensa