Utstilling om kjøkken
Som ein del av valfaget Levande kulturarv har elevar i niande og tiande klasse ved Skjold skule hatt som prosjekt å laga ei kjøkkenutstilling til Vindafjordmuseet.
Då kunnskapsløftet kom i 2006 blei faget Levande kulturarv ein del av emna kvar skule kunne tilby som valfag. I løpet av dei elleve neste åra var det ingen elevar i Skjold som viste interesse for dette faget, dermed blei det ikkje ein del av timeplanen. Men hausten 2017 blei det for første gong danna klasse, etter at 15 elevar sette opp Levande kulturarv som ein ønskje for valfaget.
Onsdag i sist veke opna dei si eiga utstilling i Vindafjordmuseet i Vikedal, noko som også sette punktum for både faget og skuleåret.
— Det har vore veldig kjekt med ei forandring i timeplanen, og me har lært mykje nytt, seier tiandeklassingen Frida Aase.