Revehalltomta ligg like ved Ølen båthamn og Sjøperlo.
ARKIVFOTO: ØKLAND FOTO
Utforskar mogleg sentrumsløft med plassering av ny sjukeheim
— Me vil inn og sjå og lage nokre betraktningar
rundt korleis dette vil styrkje sentrum, sa prosjektleiar Frode Eike i
Vindafjord kommune under eit formannskapsmøte 10. februar.
Med ei tomt nær
Vindafjord beredskapssenter ser kommunen på tre alternative lokasjonar for
eventuelt å byggje eit heilt nytt omsorgssenter i Ølen. Eike fortalde at dei
truleg vil arbeide dette ned til eitt alternativ før ein går vidare med saka.
Forutan nybygg arbeider
dei vidare med å sjå på korleis ein potensielt kan utvikle Ølen omsorgssenter
og Vindafjordtunet til å bli eitt felles omsorgssenter for heile kommunen, om
politikarane endar på den løysinga.