Kommunedirektør i Etne, Filippo Ballarin
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Utfordrande haust for Etne
Etne kommune slit med eit overforbruk på fleire område, og 2. tertial-rapporten viser at den økonomiske situasjonen er utfordrande.
2. tertialrapport for 2024 viser at Etne kommune framleis har eit overforbruk på fleire område, sjølv etter justeringar tidlegare i året. Ved utgangen av andre tertial har kommunen eit samla meirforbruk på driftsbudsjettet på 3,3 millionar kroner.
— Etter justeringane i første tertial har strategisk leiargruppe (SLG), og alle einingsleiarar jobba intensivt med rapportering og prognosar. Dette gir oss eit solid grunnlag for budsjettet og sikrar at me tidleg kan identifisera utfordringar. Me aukar også fokuset på å korrigera periodiseringsfeil og flytta budsjettpostar for å styrka budsjettdisiplinen, skriv Ballarin i ein kommentar i rapporten.
Advokatutgifter