Slik såg gründerane for seg anlegget i Ølen Næringspark på Nerheim i 2021.
ILLUSTRASJON: BIOVIND AS
Vil sende biogassplan på høyring
Dette
kjem fram i saksinnkallinga til eit formannskapsmøte 16. desember.
23. oktober
sende Arkipelet AS varsel om oppstart av detaljreguleringsarbeid for etablering
av eit biogassanlegg på Nerheim næringsområde i Ølen på vegner av Biovind AS.
Same dag blei det haldt eit oppstartsmøte med kommunen. Det kom totalt 55
innspel til oppstartsvarselet, fordelt på åtte frå offentlege instansar og 47
frå naboar, innbyggjarar, grendeutval og private verksemder.
I
formannskapet blir det ein førstegongsbehandling av planendringa.