Det svinga godt då elevane - i lag med Frank Robert Abelseth framførte låten Luksus-etui. Alle elevane song for full hals, og dei to gitaristane Egil Messe Jacobsen og Andreas Xie Juel levde seg skikkeleg inn i rollene som «sologitaristar»
Grethe Hopland Ravn
Ein månad med læring, øving og skaparglede
Det var god stemning allereie før sceneteppet
gjekk opp. FAU stod for middagsserveringa, mens sjuandeklasse selde kaffi og
kaker til dei frammøtte. Før sjølve sceneshowet opna, kunne publikum også ta
turen innom utstillingane langs veggane i storsalen. Her hadde både
barnehagebarn og elevar stilt ut arbeid frå prosjekt dei hadde jobba med den
siste månaden.
Losa publikum gjennom kvelden