Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Steinar Aalvik

Litt landsens luksus

Publisert

Så vart me velsigna med ein kuldeperiode i november i år og. Det er lite å grina for, for dei av oss som har vit til å kle seg. Eg gjekk rett til skåpet og fann fram stillongsen, og tredde han på meg nedantil og opp. Så fann eg ei undertrøye med lange ermar, og tredde ho på meg ovantil og ned. Så drog eg på meg dei gode ullsokkane som Toril i Slåtto spøta til meg, ein gong for mange år sidan. Så fann eg den beste kvitlen min, og breidde han ut over senga.

 Det er fleire trusretningar når det gjeld om kvitlen skal vera over eller under dyna, men etter min tradisjon skal han vera under. Så var det berre å finna Umbro-hua mi. Det var ikkje så heilt enkelt, men eg fann henne til slutt under ei budde med offentlege skjennebrev. Eg drog hua godt ned over øyrene og var klar til krypa under kvitelen, og gå natta i møte. Men først måtte eg setja begge mobiltelefonane på alarm klokka 0630. Så var det berre å sparka seg vel til rettes, hengja på seg Claes Ohlson brillene og ta seg ei lita økt med ei halvgod bok.

Eg såg ingen fare for at det skulle kome ein eller annan liten befalselev og sparka inn døra og ropa: «Beina på dørken om fem minutt!» 

Powered by Labrador CMS