Eric Mills
Renate Sævareid
Løpelegen over 70
Eric Mills var nærmare 70 enn 60 då han sprang sitt første store løp. Det
som byrja som ein impulsiv «kvifor ikkje»-avgjerd, har sidan blitt til tusenvis
av kilometer, fleire halvmaraton, lange skirenn og eit imponerande treningsliv
– heilt utan skadar. Over 70 år gammal er han i betre form enn mange som er
halve alderen. Og som lege veit han godt kva som skjer med kroppen når aldringa
set inn – så han brenn for at folk skal vera i bevegelse.
I 2019, då han var 65 år, sprang han sitt første langløp på 27 kilometer.
– Eg sa først nei. Eg
skjønte ikkje heilt greia med løp. Eg gjekk jo der eg ville uansett, ler Mills.